Stor bygning med vinduer bygges i lys murstein.

I dag er valgdagen: De første resultatene kommer rundt klokka 21:00

I dag, 8. september, er det stortingsvalg i Norge. De første resultatene kommer rundt klokka 21:00 i kveld.

– På valdagen må alle stemme i den kommunen dei har stemmerett, det vil seia den kommunen ein var registrert som busett per 30. juni 2025. I informasjonsbrevet alle veljarar har fått frå Valdirektoratet står det kva for ein kommune veljaren er stemmefør i, seier Elin Olderlund Westby, direktør for fagavdelinga i Valdirektoratet i en pressemelding.

I dag har over 1 600 vallokale ope over heile landet. Opningstider og informasjon om kvar ein finn dei ulike vallokala, er tilgjengeleg på www.valglokaler.no.

– Dei siste vallokala stengjer klokka 21.00, men mange lokale stengjer før dette, så det er viktig at veljarane har kontroll på når sitt vallokale stengjer, seier Westby.

Kva skjer når vallokala stengjer?

Den første teljinga av stemmesetlar skjer i alle vallokala så snart desse stengjast på valdagen. Teljinga blir gjennomført for hand. Det blir talt kor mange stemmer kvart parti har fått. Deretter skal det skje ei andre teljing av stemmesetlane sentralt i kommunen.

– Det tidlegaste tidspunktet kommunen kan vere ferdig med all teljing, er tysdag klokka 17.00. Dette kjem av at seint innkomne førehandsstemmer kan komme fram til kommunen fram til dette tidspunktet, forklarar Westby.

Når kjem resultata?

Valdirektoratet rapporterer dei første resultata klokka 21.00 på www.valgresultat.no.

Det vil vere dei hittil talte førehandsstemmene frå kommunane som blir publiserte kokka 21.00. Utover valkvelden blir resultata oppdaterte etter kvart som kommunane gjennomfører første teljing i vallokala.

Etter kommunen er ferdig med si teljing, overtar valdistrikta valmateriellet. Overleveringa skjer hovudsakeleg på onsdag. Deretter skal valdistrikta kontrolltelje, noko som kan vara utover heile veka.

Det er først når alle valdistrikta er ferdig med si kontrollteljing av alle kommunanes teljingar, at Valdirektoratet kan stadfeste fordelinga av utjamningsmandata.

Våre siste saker her:

Nå blir russebussene sikrere – og strengere
Fra og med 2026 er det innført nye og strengere regler for russebusser. Nå er...
80.000 underskrifter levert til Stortinget: Krever hormonbehandling på blå resept
21. april trillet Sanitetskvinnene esker fulle av underskrifter opp på Løvebakken....
Ny studie: Slik påvirker hunder hverdagen vår
Hunder har blitt en stadig mer synlig del av det offentlige rom – til glede...
Flere eiendomsselskaper går over ende
Eiendomsbransjen går mot strømmen: Mens konkurstallene faller i store deler...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *